Article

Trua på mennesket

Eg trur på deg
sa sjefen min med blikket sitt
Det var nok
til at eg rakrygga og stolt
gjekk den ekstra mila
ein heilt vanleg måndags morgon

Kronikk i Stavanger Aftenblad den 5. april 2014:

Trua på mennesket

Det er leiinga sitt ansvar i ein kvar organisasjon å skape ein kultur med rom for konstruktiv kritikk og samspel.

Debattane rundt varsling og den såkalte «Retrivermetodikken» i Stavanger kommune er viktige, og burde hauste applaus i leiinga. Det er leiinga sitt ansvar i ein kvar organisasjon å skape ein kultur med rom for konstruktiv kritikk og samspel. Leiinga bør ha eit genuint ønskje om heile tida å utvikle organisasjonen til det betre. Utan konstruktiv kritikk går verken verda eller me menneskje framover.
I innlegget til Linda S. Krüger (SA, 31.mars), vert eg sitert på mine utsegn om varsling i Tv-vest (www.tvvest.no 19.03.14): «Synneva Erland, som blant annet driver med ledercoaching i sitt firma Synneva Erland Kommunikasjon, uttaler i debatt i TvVest sist uke at øverste ledelse i Stavanger kommune burde applaudere prosessen som nå er i gang.»
Eg vil gjerne utdjupe.

Ikkje eineståande
Først må eg presisere at eg kun kjenner saka frå media. Eg har ingen personleg relasjon til verken Linda S. Krüger eller andre involverte frå kommunen eller bystyret. Difor uttaler eg meg her på eit generelt grunnlag, med utgangspunkt i at eg arbeider med, og er genuint oppteken av kommunikasjon, ledelse og bedriftskultur. Saka har engasjert meg fordi eg veit dette ikkje er ei eineståande sak, men noko som fleire organisasjonar har utfordringar med.

Trivsel lønner seg!
Kommunikasjon er ikkje alltid enkelt. Og kven har sagt at det skal vera enkelt? Det er ikkje enkelt å vera menneske. Det er ikkje enkelt å samhandla. Det er ikkje enkelt å forstå ulike kulturar. Og det er slett ikkje alltid lett å forstå køyrereglar, skrivne eller uskrivne. Kommunikasjon kan vera vanskeleg og utfordrande. Men du verda, som det svingar når kommunikasjon fungerer! Når menneske forstår kvarandre, respekterer ulikskapar og finn ei felles plattfom å byggja samhandlinga vidare på. Kor det svingar når ein heil gjeng greier å dra lasset i same retning med entusiasme og engasjement! Då aukar trivselen med sjumilssteg. Og er dette i ei bedrift eller ein organisasjon som må tene pengar (evt spare pengar!), så aukar også lønnsomheten i takt med trivselen. I boka Den norske ledelsesmodellen skriv June Kristin Lima Bru bl.a.: «Forskning viser at medarbeidere som trives og er fornøyde, gir mer tilbake i form av arbeidslyst og effektivitet. Da blir det mer arbeidskraft for pengene.» (Norsk ledelse)
Trivsel er lønnsamt. Enkelt og ganske sjølvsagt. Kvifor er det då i mange organisasjonar vanskeleg å få til i praksis?

Tillit og verdigheit
Jo større ein organisasjon er, jo vanskelegare er det å få alle til å trivast og dra lasset i same retning. Me er så ulike, me menneske! Til lags åt alle kan ingen gjera. Men her er leiinga si haldning og verdiar så ekstremt viktige. Som eg sa i Tvvest: «Leiinga må gå fram som gode eksempel ved å vera lyttande, tilstades og vite kva som foregår «på golvet». Hierkarkiet er gammaldags!» Anita Krohn Traaseth poengterer også, i den mykje omtalte boka Godt nok for de svina, at hierarkiet i Norge blir flatare og flatare. Krohn Traaseth beskriv i boka den svært krevande prosessen det er å leie eit selskap gjennom massiv transformasjon (Tinteguri.com)
Lærerikt å lese!
Å endre ein organisasjonskultur er ein stor og tidkrevande prosess. Men ekstremt viktig. Når rapportar og undersøkingar viser at negative tendensar aukar, er det avgjerande at toppleiinga audmjukt tar tak og viser handlekraft. Difor er det oppløftande at Stavanger-ordførar Christine Sagen Helgø seier: «det er helt avgjørende at kommunen nå tar tak i funnene i etikkrapporten» (SA 13.mars). Så spørs det kva for verktøy ein vel å bruke i det vidare arbeidet. Om ein vågar å opne opp for konstruktive innspel, lytte til dei som veit kor skoen trykkar, skape entusiasme og engasjement ved å sjølv vera entusiastisk og engasjert. Eller om ein lar raude tal styre prosessen og setje inn sparetiltak, utan tanke på at trivsel og kjensla av tillit faktisk er meir lønnsamt i det lange løp. Me må ikkje gløyme to av dei viktigaste behova i alle menneske sine liv: kjensla av verdigheit og det å bli sett.

Screenshot_2014-04-15-14-24-59