Article

Å bera sitt eige liv.

Fargane vart sterkare.
Auga gnistra.
Så stod ho der.
Framfor heile verda.
Med livet i fanget og ei sol i munnen.

Slik kjennest livet mitt no. Fargane er sterkare. Auga gnistrar. Eg eig heile verda. Eller iallefall livet. Livet mitt. Mitt liv.

Å bera sitt eige liv
Å bera sitt eige liv. Ein setning som har arbeidd inni meg dei siste månadane. Er det ikkje eigentleg dette det heile handlar om? Å bera både gleder og sorger sjølv. Å våga å kjenna på kva dette livet faktisk er. Ingen andre kan kjenna det for oss. Me kan ha fylgje på vegen. Av både familie, gode vener, terapeutar og det me elles måtte trenge. Men til sjuande og sist må me bera vårt eige liv heilt åleine. For nokre er dette tyngre enn for andre. Utgangspunkta er ulike. Stundom blodig urettferdig ulike. Men alle har sitt. Ingen går gjennom livet utan sår, utan bøygar. Nokre gonger kan me smette utanom bøygen, andre gonger må me berre «ri han av,» som dei seier nordpå. Og greier me det med ein smule verdighet i behald, så vert me stort sett sterkare.

Kva gjorde me utan smerta? Utan sorg? Utan motbør? Kva skulle me då verta sterkare av? Korleis skulle me då modnast? Korleis ville livet sett ut i konstant lukke? Ville me då vera i stand til å kjenna glede?
Svaret seier seg sjølv. Me må kjenna sorga for å kunne kjenna glede, me må kunne vera svake, for å vite korleis det er å vera sterk. I spenningsfeltet mellom desse kontrastane ligg vel i grunnen heile meininga? Når eg skriv, når eg syng, spelar teater, eller for den saks skuld når eg held kurs og foredrag for næringslivet, så ligg alltid denne vissa i ryggmargen. Vissa om at desse kontrastane er universelle og eksistensielle. Eg tenkjer at me i vårt samfunn bør våga å ta inn over oss tyngda i livet. Ikkje berre det lette og underhaldande. Først når me vågar å kjenne på våre eigne smerter og sorger, kan me greia å akseptera dei og leva med dei. Endåtil leva godt med dei! Ja, det er mest som om latteren vert endå betre og gleda endå større når ein er vâr desse kontrastane. «Fargane vart sterkare.»

Å følgja draumen
For snart tre år sidan tok eg eit stort, stort steg i livet. Eg sa opp eit 13 år gammalt og svært godt forhold med min arbeidsgjevar Time kommune. Eg starta mi eiga bedrift. Med to tomme hender og ei klokketru på prosjektet bretta eg opp ermane og Synneva Erland Kommunikasjon vart ein realitet. Mange sa til meg at dei var imponerte over motet mitt. Og ja, eg ser sjølv at eg er utstyrt med ein temmeleg stor dose mot. Eg gjer ting omtrent dagleg, som eg tidlegare ALDRI ville ha våga. Eg kastar meg ut i nye utfordringar med rak rygg og verdighet. Med sjølvtillit og mot. Eg vågar å seie det høgt: eg ER faktisk modig.

Men kor kom dette motet frå? Har eg alltid vore slik? Er eg fødd med dette?

Nei, eg lovar deg; motet og sjølvtilliten har slett ikkje alltid vore der. Eg har vore liten som eit ospelauv og skjelvande dun. Eg har kjent på straumar av mistru, tvil og einsemd. Som dei fleste har kjent på ein eller fleire gonger i livet. Men dei periodane har gjort meg sterkare. Eg har alltid tenkt at sorga er like viktig som gleda. Kanhenda difor har eg greidd å koma meg vidare etter tunge periodar, og kanhenda difor har eg fått slik eit mot. Iallefall tenkjer eg ofte når folk seier at dei er imponerte over motet mitt: «Eg har då vore gjennom mykje skumlare ting enn dette! Klart eg får det til!»

Nye dører
Med den haldninga opnar stadig nye og spennande dører seg. No, etter snart tre år med tolmodig bygging av bedrifta, dukkar det opp dører som eg slett ikkje visste fanst. Eg opnar alle som magekjensla mi seier eg skal opne. Nokre gonger krev det større mot enn andre. Og innimellom må eg klype meg sjølv i armen for å verkeleg tru det eg finn på andre sida. Eg har funne opptil fleire juvelar i det siste. Som eg skal ta audmjukt og stolt vare på.

Uansett seier eg til meg sjølv:
«Synneva, du fulgte draumen din. Sakki, det skal du vera stolt av!»
Så ler eg den mest perlande latteren eg har.
Og bare så det er sagt: eg ler MYKJE oftare enn det eg gret, for eg har livet i fanget og ei sol i munnen.

Konferansier for 4000 publikummarar på Jærnåttå 2013. Foto: Erling Dagsland.
Jærnåttå