Eg har arbeidd med kommunikasjon heile livet.
Som artist heilt sidan eg var ferdig utdanna innan teater, pedagogikk og musikk.
Som lærar i over 11 år for ein haug med fantastiske ungar frå Bryne.
Og no som sjølvstendig næringsdrivande i mitt eige firma Synneva Erland Kommunikasjon.
Kontoret mitt er i 6. etasje i Forum Jæren, med utsikt over mitt favorittlandskap; Høgjæren. Det hender eg drøymer meg aldeles vekk i det vakre synet!
Jobbmessig tilbyr eg kommunikasjon i vid forstand: foredrag, kurs, rådgjeving og underhaldning. Sjå: synneva.no
Ein mann sa ein gong til meg at meininga med livet er dei gode forteljingane.
For mitt vedkomande kan eg utvida det til også å gjelda den gode kommunikasjonen.
Det blir moglegvis to sider av same sak?
Så fint at du les bloggen min! Det set eg stor pris på. Eg kallar han ein tenketank som skal fyllast av refleksjonar rundt kommunikasjon og identitet. Stundom vil eg skapa debatt, andre gonger vil eg berre laga ei stemning eller gi dykk noko vakkert. Dersom eg når inn til hjarta dykkar med noko av det eg skriv, så har eg nådd eit mål. Dersom kunnskapen dykkar vert utvida, så har eg nådd eit anna mål. Og dersom de fortel meg kva de likar og evt. ikkje likar, så kan eg nå endå høgare mål.
Slik ser eg ut:
Me snakkast!
2 Comments Write a comment