Eit verdig liv.

Skal me bera kvarandre?
spurde han.
Nei, la oss heller løfta kvarandre,
smilte ho stille.

Global dignity day
I neste veke er det Global dignity day. Ein dag med fokus på verdighet. For tredje gong skal eg vera veileder. Du, kor eg gler meg! Å diskutera med ungdommar kva ordet verdighet betyr; eg kan ikkje koma på eit meir meiningsfylt innhald i arbeidsdagen. Å høyra elevane sine historiar. Enkle og sterke. Å sjå motet til dei som fortel. Å sjå auga til medelevar som lyttar. Empati og beundring. Vekst. Framtidshåp.
Sjølv skal eg som hovedveiledar i år snakka om det å vera eit førebilete.
Eg startar med ein litt humoristisk verdighetshistorie om ei kusine som beundra meg så mykje i barndommen, at ho til og med syns eg var fin med kviser!

Du er eit førebilete
Tenk deg sjølv som eit førebilete.
For ei yngre kusine, ein god ven, bror din, eller kanhenda til og med for ein du ikkje kjenner?
Kven vil du vera?
Kva vil du at andre skal sjå opp til deg for? Beundra deg for.
Det ligg mykje ansvar i det å vera menneske.
Kvar og ein av oss har eit ansvar for å setja gode spor etter oss. Har me ikkje?
Same kor tøft utgangspunkt nokre av oss måtte ha, så har me alle sjangsar til å gjera noko godt for andre. Til å løfta nokon. Eit blikk eller eit smil er ein god start. Kjenner du ein som har det vanskelegare enn deg, så kan du hjelpa ved å sjå, visa empati og omsorg. Ved å bry deg. Vera eit medmenneske.

Framsnakking, folkens!
Framsnakking er den nye krafta. Den nye energien.
Framsnakking og raushet.
Kjenn etter: Kva er det som gjer at du føler deg vel ilag med dei du verkeleg likar?
Kva gjer dei? Kva seier dei?
Handlar det rett og slett om noko så enkelt (eller vanskeleg?) som at dei SER deg?
At dei lyttar til deg? At dei bryr seg om at du finst?
Korleis kan du vera slik for dine medmenneske? Korleis kan eg vera slik for deg?
Korleis vil me bli tenkt om, eller snakka om, når me sjølv ikkje er tilstades?
Som eit menneske folk likar.
Det er grunnleggjande i vår natur. Me vil ha «likes.»
Me vil gjerne bli snakka om som eit bra menneske. Og då må me starta med oss sjølv. Først av alt må me vera greie og rause mot oss sjølv. Gje oss sjølv eit klapp på aksla når me fortener det, og ikkje redusera oss sjølv til noko mindre enn det me er. Er du raus mot deg sjølv, er det lettare å vera raus mot andre. Tenker du på deg sjølv som eit positivt førebilete, så ivaretek du lettare ansvaret det er å vera menneske.
I neste omgang kan det vera klokt å kjenna etter kva fordommar ein ber på. Fordommar mot folk som er annleis enn ein sjølv. Som tenkjer eller oppfører seg annleis. Det er vel oftast dei me har fordommar mot? Dei me ikkje kjenner, ikkje forstår. Eg innrømmer det gjerne: Stadig må eg arbeida med mine eigne fordommar. Spørja meg sjølv: har du grunnlag for å kritisera no, Synneva, eller er det berre du sjølv som ikkje forstår? Prøv å sjå saka/personen frå ein annan vinkel. Eit anna synspunkt. Vanskelege øvelsar, dette! Men viktige.
Eg har ein setning som eg brukar i kommunikasjonskursa mine. Den minner meg på at eg set spor etter meg:

Folk hugsar kanskje ikkje alle orda du sa,
men dei hugsar korleis du fekk dei til å føla seg.

Eit verdig liv
Ved å bry seg, framsnakka og vera raus, kan me vera med på å gje både oss sjølv og andre eit verdig liv. Alle har rett på eit verdig liv. Og alle har eit ansvar for å gje kvarandre eit verdig liv.
Det er slett ikkje alltid enkelt å få til i kvardagen. Livet byr som kjent på opptil fleire utfordringar.
Men å fokusera på kva verdighet betyr, saman med unge, veksande menneske er ein god start.
Å definera for seg sjølv kva verdighet betyr, er ein god start.
Å tenka gjennom korleis ein sjølv vil leva ut sine grunnleggjande verdiar.
Det er ein god start.

Global dignity day er ein god start.
Lukke til den 16. oktober, alle elevar, lærarar og veiledarar!
Haustens finaste dag.

Frå Time vidaregåande skole i vår, då H.K.H. Kronprinsen besøkte oss.
IMG_588378949179460

IMG_2344 

 

Leave a Comment

Required fields are marked *.