Article

Kva er det med Twitter?

Eg kjenner meg i slekt
med treet stundom.
Ikkje for tolmodet og venleiken.
Men for lyset som går gjennom oss
når svarttrosten syng.

For nokre få år sidan oppdaga eg ei verd som gav nye dimensjonar til livet mitt. Som utvida min kunnskapshorisont. Gav meg nye perspektiv. Overraska meg. Forundra meg. Provoserte meg. Fekk meg til å le. Grine. Utfordra meg. Irriterte meg. Gav meg nye vener.

Og stundom, faktisk ganske ofte, kjenner eg meg i slekt med treet.
Fordi lyset går gjennom meg av alle svarttrostane som syng i denne nye verda.
Denne verda, med alle dei syngjande svarttrostane.
Twitterverda.

I starten famla eg. Lurte på kva dette var. Forstod ikkje heilt korleis det tekniske funka. Forstod ikkje alle sjargongane. Men eg prøvde meg fram. Leika meg. Spurde twitterfolket rett ut når eg lurte på noko. Og fekk svar. Umiddelbart. Rause svar. Velmeinande og gode svar. Stundom fekk eg endåtil kloke svar.

Eg visste alt då, gjennom Helge Torvund, @2rvund, at poesi har eit godt liv på Twitter. Det var nok dette som lokka meg inn. Eg har alltid skrive dikt. Lese dikt. Elska dikt.
Det komprimerte i begrensinga på 140 teikn var òg tiltrekkjande for ei som likar den store utfordringa i å måtte forenkla seg. I tillegg har eg sjølvsagt ein agenda som sjølvstendig næringsdrivande å finna nye rom der eg kan byggja mi merkevare (meg sjølv), få fagleg påfyll og knytta spennande kontaktar.

Dikta mine har fått eit godt liv her inne. Vakse. Dei har funne tvillingsjeler og artsfrendar. Dei har blitt spreidde ut i det vide og breie, til eit publikum som tydeleg set pris på nynorske funderingar og poetiske vendingar. Ja, dei har endåtil vore med i ei tevling for første gong, dikta mine! Den etterkvart særs populære tevlinga #nynov

Og eg har vakse. Vakse innvendig. Vakse på kunnskap. Vakse på venskap. Stundom har eg vorte så hoppande glad. Stundom har eg kjent ein sjølvtillit svulma merkbart i bringa. Ja, innimellom har eg rett og slett vorte stolt!

Men det er ikkje berre poesien som får veksa i Tvitreland.
For dette er ikkje eit smalt, eksklusivt fora kun for særingar med ei spesiell interesse. Her er plass til alle! Kven som helst kan finne noko på Twitter som vil vera av interesse. Kven som helst kan få seg vener her, eller nokon å diskutere med.

Kven som helst her inne, er ikkje berre ein kven som helst.
Kven som helst er heilt spesiell.

Her kan alle få ei stemme som blir høyrt, uavhengig av sosial status eller rang. Anten du er kronisk sjuk og sengjeliggande, eller du er konserndirektør på toppen av karrierestigen. Her finn du #Uvisshetens venner, #Hovlandmafia og #Kaffiskålarar i ei salig blanding. Her snakkar ekte Kronprinsar med ekte Tomskallar. Her finst endåtil ein matskribent av det særs eksklusive og uhyre sjeldne slaget! Twitter er demokrati og ytringsfridom på høgt plan. Akkurat det elskar eg Twitter for. Her er heftige diskusjonar og freske fråspark mellom både Gud og Kvarmann (bokstaveleg tala). Stundom ser ein at nokon går over streken. Nokon vert såra. Men i det store og heile opplever eg Twitter som ei raus verd. Ja, faktisk ei overveldande raus verd. Der deling av både kompliment, ros og kunnskap er meir vanleg enn det motsette. Sjå berre kva @TvittErik skreiv til meg nyleg:

Screenshot_2013-06-19-15-14-37

Noko anna eg elskar Twitter for, er humoren.
Det hender eg sit heilt åleine i stova og gapskrattar over ei eller anna twittermelding. Her er absurd, banal, barnsleg, sofistikert, teit, utfordrande, intrikat og sjølvironisk humor i mengdevis. Eg likar slikt! Og gjennom humor, meiningar, poesi, diskusjonar, kunnskapsdeling og kjensla av slektskap, har eg altså fått nye vener i denne nye verda. Det kan høyrast rart for utanforståande; men eg har faktisk fått nokre svært nære vener her inne. Som eg har truffe opptil fleire gonger IRL (in real life) og opplevd minst like god kjemi med der. Dette har kanskje vore det mest overraskande og gjevande. Desse venene ein før ikkje visste om. Som mi kjære tvitresyster, @madamknipe, ei tvillingsjel og ein artsfrende som eg no har dagleg kontakt med. Eller som filosofen @okvalnes, som inviterte fleire av sine tvitreåndsfrendar til ei uforgløymeleg bursdagsfeiring på Blå i Oslo tidlegare i år. Eg kunne sjølvsagt nemnt fleire. Mange, mange fleire.

Screenshot_2013-06-21-09-48-37

Har eg så ingenting negativt å seie om Twitter? Er eg berre ukritisk «frelst?»

Sjølvsagt er her negative ting. Plussar og minusar finst det jo med alt.
Ein av dei største minusane med Twitter er tida det tek. Eg innrømmer det beint ut: eg er avhengig. Det går ikkje ein dag utan eg er innom. Og nokre dagar lenge, fleire gonger. Mykje. Jaudå… Men i staden for å sjå fjernsyn, vel eg heller å kommunisera på Twitter, lese ein spennande artikkel som nokon har lenka, eller oppdatere meg på ein blogg om kommunikasjon, som jo er faget mitt. På den måten vert Twitter og andre sosiale media ein del av jobben min. Eg får utvida kunnskapsnivå. Auka nettverk. Og eg får marknadsført meg. Men tid tek det. Ein god del tid. Utan tvil.
Ein annan ting som kan vera svært negativ, er om ein ikkje heilt forstår dette med at twitter er offentleg. Nokre har nok brent seg på at dei har blitt for private i sine tvitringar. Det kan lett slå negativt tilbake på ein. Alt som ikkje vert sendt i direktemelding (DM) er offentleg. Eg har til dømes blitt sitert i Aftenposten utan eg var klar over det før etterpå. Slik bør ei kanskje tenkja: Tåler orda mine eit sitat i avisene? Eller: er det ok om ungane mine les dette? Denne grensa har eg sjølv tråkka utfor nokre gonger. Dette er farene med alle sosiale media.

Fleire negative ting med Twitter finst. Sjølvsagt.
Men for meg har det altså først og fremst blitt ei raus, humoristisk, kunnskapsrik og delande verd.
Så velkommen inn:

Screenshot_2013-06-21-13-37-00