Article

#gründerliv og #mandagsmål

I denne veka skal eg sjå med auga,
le frå magen, lytte med hjarta og
finnast til kvart einaste minutt.
#mandagsmål

Eg har begynt med noko nytt. Eg har begynt med #mandagsmål.

Det var i grunnen bare ein idè som brått dukka opp, og som eg straks realiserte.
Slik er det ofte med meg. Eg får ein idè, og utolmodig som eg er; straks og med ein gong må eg gjera noko med idéen. Nokre gonger krev idéar tolmod.
Eg prøver å finna balansen mellom å vera tolmodig og utolmodig.
Fleire har spurt meg i det siste om kva som er suksesskriteria for ein kvinneleg gründer som meg. Det ligg mykje godt for meg i det spørsmålet. For det første opplevinga av at andre faktisk meiner eg er ein gründer med suksess. For det andre opplevinga av at mitt svar vil ha ei betydning for nokon, men kanskje viktigast: mi eiga kjensle av at nokon ser meg og set pris på det eg gjer og mine synspunkt.
Så kva svarar eg på spørsmålet om suksesskriteria? Finst det fasitsvar på dette?
Sjølvsagt ikkje. Me er ulike, og kvar må finne sin veg, sin måte å gjera det på. Men eg trur det finst nokre fellestrekk og nokre gode grunnhaldningar som kan vera greie å ha med seg. Og skulle eg lage ei liste med nokre kjenneteikn på ein god gründer, så ville den kanskje sett slik ut:

Ein god idé
Pågangsmot
Entusiasme
Stayer-evne
Kreativitet
Struktur
Sjølvdisiplin
Tolmodig
Utolmodig
Hardt arbeid, hardt arbeid, hardt arbeid, hardt arbeid, hardt arbeid, hardt arbeid osv.

Har du alle desse tinga, er det bare å sette igang!
Eg meiner det. Hopp i det jo før, jo heller. Ikkje la frykt eller Jantelov styre deg. Ikkje sit og vent på at nokon skal sparke deg i gang. Gje deg sjølv eit realt spark i baken og hopp uti det!
«Følg drømmen, ikkje strømmen,» som hip-hop-artisten Atlars seier.

Kvifor finst det færre kvinnelege gründarar enn menn?

Manglar me kvinner motet som skal til?
Har me for liten sjølvtillit?
Trur me at andre er så mykje flinkare enn oss?
Er me for lite flinke til å heie på kvarandre?

Eg trur me må gå i oss sjølv på alle desse spørsmåla, og vurdere om det ikkje snart er på tide at me damer kastar oss ut i #gründerlivet like sjølvsagt som at mannfolka gjer det.
Dersom du vågar å hoppe utan sikkerhetsnett, og landar på føtene, vil du oppdage noko ganske fantastisk. Og dersom du ikkje landar på føtene, men med eit skikkeleg magaplask, så greier du mest sannsynleg å reise deg igjen, og du vil vera minst ei erfaring rikare. Og ikkje minst: Då veit du at du iallefall prøvde!
Eg syns me alle skal heie fram fleire til å våge. Og eg syns me skal unne folk suksess når dei fortener det. Eg syns det er på tide at me damer vågar å rekke opp handa, slik som Anita Krohn Traaseth seier (adm. dir. i HP Norge og forfattar av boka Godt nok for de svina).

Mange kvinner seier til meg:
«Eg skulle ønske eg var like modig som deg, Synneva. Eg tørr ikkje sleppe det trygge eg har. Eg har idèen og draumen, men eg tørr ikkje.»

Det syns eg er forbaska synd!
For Norge treng fleire gründrarar. Og me treng fleire kvinnelege gründarar!
Også er det så utruleg kjekt å oppleve dei gongene ein lukkast! Når ein har jobba hardt for noko og kjem vel i havn, eller når ein får tilbakemeldingar om at det ein gjer er meiningsfylt for andre.
Å vite at ein driv med verdiskaping på mange plan. Det vert ein stolt av. Ei slik god, stolt kjensle som gjer at ein veks som menneske.
Stolt og audmjuk.

Så no sit eg her i mitt eige kontor i Forum Jæren, og har bygd min eigen arbeidsplass. Kundane verkar fornøgde, er stadig fleire og stadig større. Produkta mine utviklar seg. Eg utviklar meg. Kvar dag er annleis enn den førre. Kvar time er fylt av kreativitet, engasjement og spennande menneskje. Ein gründar tar ikkje nødvendigvis ut så mykje lønn i form av pengar dei første åra. Ein må oftast investera med både tid og pengar før lønningsposen byrjar å vekse (min lønningspose har framleis vekstpotensiale, for å seia det slik!). Men den rike kjensla eg får av å ha våga! Den enorme gleda over at eg får det til! At mi tolmodige og utolmodige innstilling byrjar å bera frukter! DET er verdt alle vakenettene og frustrasjonane. DET gir meg guts til å halde fram. Til å stadig sikte høgare. Stadig setje meg nye mål. Og no har eg altså starta med #mandagsmål. Mål som eg skal dele i sosiale media, og fabulere litt rundt her på bloggen. Mitt første #mandagsmål handla om å vera tilstades med heile seg. Om å lytte og sjå med hjarta. Slik eg gjorde då eg var barn:

IMG_20140223_233335

Article

Eit verdig liv.

Skal me bera kvarandre?
spurde han.
Nei, la oss heller løfta kvarandre,
smilte ho stille.

Global dignity day
I neste veke er det Global dignity day. Ein dag med fokus på verdighet. For tredje gong skal eg vera veileder. Du, kor eg gler meg! Å diskutera med ungdommar kva ordet verdighet betyr; eg kan ikkje koma på eit meir meiningsfylt innhald i arbeidsdagen. Å høyra elevane sine historiar. Enkle og sterke. Å sjå motet til dei som fortel. Å sjå auga til medelevar som lyttar. Empati og beundring. Vekst. Framtidshåp.
Sjølv skal eg som hovedveiledar i år snakka om det å vera eit førebilete.
Eg startar med ein litt humoristisk verdighetshistorie om ei kusine som beundra meg så mykje i barndommen, at ho til og med syns eg var fin med kviser!

Du er eit førebilete
Tenk deg sjølv som eit førebilete.
For ei yngre kusine, ein god ven, bror din, eller kanhenda til og med for ein du ikkje kjenner?
Kven vil du vera?
Kva vil du at andre skal sjå opp til deg for? Beundra deg for.
Det ligg mykje ansvar i det å vera menneske.
Kvar og ein av oss har eit ansvar for å setja gode spor etter oss. Har me ikkje?
Same kor tøft utgangspunkt nokre av oss måtte ha, så har me alle sjangsar til å gjera noko godt for andre. Til å løfta nokon. Eit blikk eller eit smil er ein god start. Kjenner du ein som har det vanskelegare enn deg, så kan du hjelpa ved å sjå, visa empati og omsorg. Ved å bry deg. Vera eit medmenneske.

Framsnakking, folkens!
Framsnakking er den nye krafta. Den nye energien.
Framsnakking og raushet.
Kjenn etter: Kva er det som gjer at du føler deg vel ilag med dei du verkeleg likar?
Kva gjer dei? Kva seier dei?
Handlar det rett og slett om noko så enkelt (eller vanskeleg?) som at dei SER deg?
At dei lyttar til deg? At dei bryr seg om at du finst?
Korleis kan du vera slik for dine medmenneske? Korleis kan eg vera slik for deg?
Korleis vil me bli tenkt om, eller snakka om, når me sjølv ikkje er tilstades?
Som eit menneske folk likar.
Det er grunnleggjande i vår natur. Me vil ha «likes.»
Me vil gjerne bli snakka om som eit bra menneske. Og då må me starta med oss sjølv. Først av alt må me vera greie og rause mot oss sjølv. Gje oss sjølv eit klapp på aksla når me fortener det, og ikkje redusera oss sjølv til noko mindre enn det me er. Er du raus mot deg sjølv, er det lettare å vera raus mot andre. Tenker du på deg sjølv som eit positivt førebilete, så ivaretek du lettare ansvaret det er å vera menneske.
I neste omgang kan det vera klokt å kjenna etter kva fordommar ein ber på. Fordommar mot folk som er annleis enn ein sjølv. Som tenkjer eller oppfører seg annleis. Det er vel oftast dei me har fordommar mot? Dei me ikkje kjenner, ikkje forstår. Eg innrømmer det gjerne: Stadig må eg arbeida med mine eigne fordommar. Spørja meg sjølv: har du grunnlag for å kritisera no, Synneva, eller er det berre du sjølv som ikkje forstår? Prøv å sjå saka/personen frå ein annan vinkel. Eit anna synspunkt. Vanskelege øvelsar, dette! Men viktige.
Eg har ein setning som eg brukar i kommunikasjonskursa mine. Den minner meg på at eg set spor etter meg:

Folk hugsar kanskje ikkje alle orda du sa,
men dei hugsar korleis du fekk dei til å føla seg.

Eit verdig liv
Ved å bry seg, framsnakka og vera raus, kan me vera med på å gje både oss sjølv og andre eit verdig liv. Alle har rett på eit verdig liv. Og alle har eit ansvar for å gje kvarandre eit verdig liv.
Det er slett ikkje alltid enkelt å få til i kvardagen. Livet byr som kjent på opptil fleire utfordringar.
Men å fokusera på kva verdighet betyr, saman med unge, veksande menneske er ein god start.
Å definera for seg sjølv kva verdighet betyr, er ein god start.
Å tenka gjennom korleis ein sjølv vil leva ut sine grunnleggjande verdiar.
Det er ein god start.

Global dignity day er ein god start.
Lukke til den 16. oktober, alle elevar, lærarar og veiledarar!
Haustens finaste dag.

Frå Time vidaregåande skole i vår, då H.K.H. Kronprinsen besøkte oss.
IMG_588378949179460

IMG_2344