Å henta inn si eiga lukke.

Kveldslyset er duvande.
Det same er barmen hennar
når ho går berrføtt ut i graset
og hentar inn litt lukke.
Natta legg silkemjuke fingrar over pianoet.
And all that jazz…

Kva er lukke?
I glansa magasin blir me dagleg bombadert av lukkelege andlet som smiler med sine photoshopbleika tenner og perfekte liv. Me blir fortalt kor tynne me skal vera, kor godt trente me skal vera, kor mange shabby nips me skal ha i huset og kor viktig det er for forholdet å ha sex minst ein gong i veka. Og me får advarslar om både det eine og det andre, som kan forkorta liva våre eller gje oss kreft. Kreft står alltid med ekstremt feite typar på framsida av avisene. Fordi det er salgbart. Fordi så mange av oss har det tett innpå liva våre. Er berørte.

Lukke står gjerne også med feite typar på framsida av avisene. Lukke er også salgbart. Fordi me alle ønskjer oss denne lukka. Fordi me lengtar etter lukke. Fordi me strevar etter noko som er større enn dei kvardagslege trivialitetane.

Men kva er lukke eigentleg?
Er det den perfekte familien som bur fem hus lenger ned i gata, som har alt og får til alt?
Er det kjendisen du ser på framsida av dei glansa magasina, som opnar opp det store huset sitt og lar deg få smake på ei lukke du aldri vil kunne oppnå?
Er det storesøster di som fekk til alt som du ikkje fekk til?

Eg trur ikkje på lukke,
sa ein mann til meg ein gong. Og eg forstod kvifor. Han hadde mista alt. Hadde ingen verdighet igjen. Inga tru på livet. Ikkje håp lenger. Hovudet hans var fylt av angst og kroppen fylt av stoff som kroppar helst ikkje skal vera fylt av.
Det er i slike stunder eg blir minna på kva lukke eigentleg er. Når eg ser kontrastane. Når eg ser perspektiva. Når eg audmjukt blir minna på kor ufatteleg heldig eg er.
Det er då eg går berrføtt ut i det doggvåte graset og berre ER.

Å finnast til
Eg går ut i graset og kjenner ei useieleg lukke over å finnast til. Over å kunne lukte, sjå, høyre, smake, elske og vera. Her og nå.
Og slik kan lukka kome i små, korte glimt. Små augneblenk av å vera tilstades. Små openbaringar.
For det er det ho handlar om, lukka; å vera tilstades i akkurat dei sekunda ho varer.
Kvar gong.

Bringebær

1 Comment Write a comment

  1. Det er godt at eg veit å finne fram til gode skribentar, som kan gi påfyll for tankane mine. Takk.
    Marieklem

    Reply

Leave a Comment

Required fields are marked *.