Å bera sitt eige liv.

Fargane vart sterkare.
Auga gnistra.
Så stod ho der.
Framfor heile verda.
Med livet i fanget og ei sol i munnen.

Slik kjennest livet mitt no. Fargane er sterkare. Auga gnistrar. Eg eig heile verda. Eller iallefall livet. Livet mitt. Mitt liv.

Å bera sitt eige liv
Å bera sitt eige liv. Ein setning som har arbeidd inni meg dei siste månadane. Er det ikkje eigentleg dette det heile handlar om? Å bera både gleder og sorger sjølv. Å våga å kjenna på kva dette livet faktisk er. Ingen andre kan kjenna det for oss. Me kan ha fylgje på vegen. Av både familie, gode vener, terapeutar og det me elles måtte trenge. Men til sjuande og sist må me bera vårt eige liv heilt åleine. For nokre er dette tyngre enn for andre. Utgangspunkta er ulike. Stundom blodig urettferdig ulike. Men alle har sitt. Ingen går gjennom livet utan sår, utan bøygar. Nokre gonger kan me smette utanom bøygen, andre gonger må me berre «ri han av,» som dei seier nordpå. Og greier me det med ein smule verdighet i behald, så vert me stort sett sterkare.

Kva gjorde me utan smerta? Utan sorg? Utan motbør? Kva skulle me då verta sterkare av? Korleis skulle me då modnast? Korleis ville livet sett ut i konstant lukke? Ville me då vera i stand til å kjenna glede?
Svaret seier seg sjølv. Me må kjenna sorga for å kunne kjenna glede, me må kunne vera svake, for å vite korleis det er å vera sterk. I spenningsfeltet mellom desse kontrastane ligg vel i grunnen heile meininga? Når eg skriv, når eg syng, spelar teater, eller for den saks skuld når eg held kurs og foredrag for næringslivet, så ligg alltid denne vissa i ryggmargen. Vissa om at desse kontrastane er universelle og eksistensielle. Eg tenkjer at me i vårt samfunn bør våga å ta inn over oss tyngda i livet. Ikkje berre det lette og underhaldande. Først når me vågar å kjenne på våre eigne smerter og sorger, kan me greia å akseptera dei og leva med dei. Endåtil leva godt med dei! Ja, det er mest som om latteren vert endå betre og gleda endå større når ein er vâr desse kontrastane. «Fargane vart sterkare.»

Å følgja draumen
For snart tre år sidan tok eg eit stort, stort steg i livet. Eg sa opp eit 13 år gammalt og svært godt forhold med min arbeidsgjevar Time kommune. Eg starta mi eiga bedrift. Med to tomme hender og ei klokketru på prosjektet bretta eg opp ermane og Synneva Erland Kommunikasjon vart ein realitet. Mange sa til meg at dei var imponerte over motet mitt. Og ja, eg ser sjølv at eg er utstyrt med ein temmeleg stor dose mot. Eg gjer ting omtrent dagleg, som eg tidlegare ALDRI ville ha våga. Eg kastar meg ut i nye utfordringar med rak rygg og verdighet. Med sjølvtillit og mot. Eg vågar å seie det høgt: eg ER faktisk modig.

Men kor kom dette motet frå? Har eg alltid vore slik? Er eg fødd med dette?

Nei, eg lovar deg; motet og sjølvtilliten har slett ikkje alltid vore der. Eg har vore liten som eit ospelauv og skjelvande dun. Eg har kjent på straumar av mistru, tvil og einsemd. Som dei fleste har kjent på ein eller fleire gonger i livet. Men dei periodane har gjort meg sterkare. Eg har alltid tenkt at sorga er like viktig som gleda. Kanhenda difor har eg greidd å koma meg vidare etter tunge periodar, og kanhenda difor har eg fått slik eit mot. Iallefall tenkjer eg ofte når folk seier at dei er imponerte over motet mitt: «Eg har då vore gjennom mykje skumlare ting enn dette! Klart eg får det til!»

Nye dører
Med den haldninga opnar stadig nye og spennande dører seg. No, etter snart tre år med tolmodig bygging av bedrifta, dukkar det opp dører som eg slett ikkje visste fanst. Eg opnar alle som magekjensla mi seier eg skal opne. Nokre gonger krev det større mot enn andre. Og innimellom må eg klype meg sjølv i armen for å verkeleg tru det eg finn på andre sida. Eg har funne opptil fleire juvelar i det siste. Som eg skal ta audmjukt og stolt vare på.

Uansett seier eg til meg sjølv:
«Synneva, du fulgte draumen din. Sakki, det skal du vera stolt av!»
Så ler eg den mest perlande latteren eg har.
Og bare så det er sagt: eg ler MYKJE oftare enn det eg gret, for eg har livet i fanget og ei sol i munnen.

Konferansier for 4000 publikummarar på Jærnåttå 2013. Foto: Erling Dagsland.
Jærnåttå

30 Comments Write a comment

  1. Noe av det fineste jeg har lest på lenge, Synneva. På alle måter!

    Det er den draumen ein ber på
    at noko vidunderleg skal skje
    at det må skje

    Reply

    • Tusen takk, Kristin! Det er nettopp det; den draumen me ber på. Og alle vågane me ikkje visste om. La oss opna dei dørene som magekjensla seier me skal opne. Og samle mot med oss på vegen. Klem.

      Reply

  2. En eventyrlig flott tekst – mer visdom enn de fleste av oss klarer å få ned på papir.

    Reply

  3. Det er så kjekt å høre om mennesker som våger satse, og våger kaste seg ut i det ukjente, med stor pågangsmot! Eg beundre det veldig, og ønsker meg det motet !! 😉 Og du skriver utrolig bra og inspirerende. For eg og tror at alle kan, hvis en bare våger bestemme seg og hoppe i det 😉 det ser egentlig ikkje ut som du treng noko lykkeønskninger, men uansett masse lykke til videre !! 😉

    Reply

    • Takk skal du ha, Åshild! Me treng alle lukkeønskingar, så lukke til vidare du òg!

      Reply

  4. Nydelig Synneva!!! Så vart og flott som du har fått satt ord uten at det er vonde tanker. Takk Synneva, dette var godt å lesa!

    Reply

  5. Så flott tekst! Kjempebra at du lykkes i satsingen din!

    Jeg har den samme tilnærmingen til livet som deg. Jeg synes det er viktig å bearbeide det negative i livet, og ikke legge et lokk på det, for på den måten å vokse på det personlige plan.

    Jeg heier på deg, tøffe kvinne! 🙂

    Reply

  6. Modig, flott og alldeles nydelig formulert:-) tar av meg hatten for viljen din.

    Reply

    • Tusen takk, Trude! Overveldande å oppleva all den fine responsen og ikkje minst; kor mange som har delt bloggen min på kort tid. Blir rørt.

      Reply

  7. Det ER en fin tekst du har skrevet og det er tydelig at den inspirerer. Likevel vil jeg helle litt malurt i begeret, eller trekke det luftige svevet litt ned.
    Du skriver: Eg har alltid tenkt at sorga er like viktig som gleda. Kanhenda difor har eg greidd å koma meg vidare etter tunge periodar, og kanhenda difor har eg fått slik eit mot.
    Det finnes mennesker som bærer en sorg som aldri går over. Mennesker som velger å stå i en situasjon som kanskje ville blitt lettere dersom de forlot eller begynte på nytt, men de bærer tappert et lodd for å hjelpe andre eller fordi de vet egen firhet ville gjøre livet verre for andre. Vi lever i en tid der det er forventet at vi skal være vår egen lykkes smed. Men jeg tror livet er vanskeligere enn det.
    Like fullt blir jeg glad av å lese at du har sluppet fri og ler i mot livet.

    Reply

    • Kjære Marit,
      eg er fullt klar over at livet for mange er meir komplisert enn som så. Det antyder eg litt i utsegnet om at utgangspunktet kan vera blodig urettferdig i nokre tilfelle. Og eg er sjølvsagt audmjuk overfor dei kampane mange kjemper, som det nærast er umogleg å koma ut av. Mine refleksjonar her går nok meir i retning av at me i samfunnet generelt er for redde til å ta inn over oss smerter og sorger. Me vil underhaldast heile tida og leva så «lett.» Eg ønskjer med teksten min å inspirera til å tru på seg sjølv, til å følgja draumane sine, og til å våga kjenna etter også når ting ikkje alltid er så lett. Til å akseptera at sorger også er viktige dimensjonar i det å leva. At smerter også kan føra til styrke.
      Takk for reflektert og viktig innspel.
      Lukke til vidare med livet ditt!

      Reply

  8. ….Har lest det om igjen…delt ..og lest om igjen:) Gråter og ler med deg! Du later til å ha både ord og liv i din makt om dagen Sunneva! Værekraft og bærekraft! Gode ønsker!:)

    Reply

    • Værekraft og bærekraft! Det var fint, Kari!
      Tusen takk for gode ord, for deling, gråt og latter.

      Reply

  9. Du traff meg rett i hjertet! Vakkert, klokt og veldig – veldig gjenkjennbart!!!!

    Reply

  10. Det var verkeleg vakkert. Eg kjenner meg såå godt igjen! Det er ei vanskelig gåve og noko ville eg vore foruten. Men liksom dei fine kvite trådane er dei svarte like viktige, skal du få eit mønster i livets teppe 😉 eg gleder meg kvar dag over dei SMÅ tinga. For det er dei som er verkeleg store. Tenk alt dette visste me når me var born, også må me læra det att som vaksne 😉

    Reply

    • Tusen takk, Kjersti! Ja, me kan læra mykje av ungane. Gleda og sorga går verkeleg hand i hand der. Ha ein fin dag!

      Reply

  11. » Å bera sitt eige liv», vakkert.

    Har fylgt deg ei tid. Du formidlar nært og godt med få ord,- og med mange ord. Mangt gir gjenklang i eige liv og hjarte.
    Orda som du har merka teksta di med også, er sterke og flotte.

    Glad for at eg fann inn her til deg i dag. Takk,
    Mvh Marie

    Reply

    • Denne kommentaren fann eg først no. Han hadde havna i «useriøse.» Eg veit ikkje kvifor. Men tusen takk for flott tilbakemelding, Marie! Det varmar. Verkeleg!

      Reply

  12. Teksten traff meg. Takk for at du setter ord på noe som er så viktig. Livet har mande sider. Det å følge sin drøm og tørre sats krever mot og din erfarimg gir motivasjon og håp. Jeg ønsker deg lykke til vidre 🙂

    Reply

    • Tusen takk, Bente! Så godt å høyra at teksten min kan gje motivasjon og håp. Ha ein fin dag!

      Reply

  13. Du e topp!!! Så vanvittig bra skrevet:) «å så va d bare oss to pusekatta igjen»;))))

    Reply

Leave a Comment

Required fields are marked *.